Idrettens dilemmaer

– rapport fra forskningsprogrammet «Idrett, samfunn og frivillig organisering»

Idretten er full av dilemma. Slik må det vera i ei så stor og mangslungen rørsle. Det samansette og fleirtydige er nettopp idrettens og idrettsrørslas karakter. Det er både ein styrke og ein veikskap.

Det kan vera slitsamt og ubehagelig å bala med dilemma som stadig vender tilbake i nye former og på nye område. Ein kan ønska seg enkle og klare løysingar, men det er ei farlig freisting. Å flykta frå eit ekte dilemma, er å flykta frå det særprega og samansette ved idrettsrørsla og ved idretten i seg sjølv.

Idretten er Norges største frivillige rørsle, målt i medlemskap, aktivitet og dugnadsinnsats. Både eigenaktivitet og offentlig tilrettelegging er ein del av bildet, men det er den frivillige innsatsen som er fundamentet – både som ideologi og i praksis. Verksemda er viktig for samfunnet, og ho har verdi i seg sjølv for dei som deltar.

Dei mange som gjer ein viktig innsats får sjeldan nok honnør for det. Dei kjem i skuggen av topp-prestasjonar, sponsorar, styresmakter og det som føregår i organisasjonsledda. Men utan frivillighet stoppar idretts-Norge.

 

Innhald:

Forord

Idrett, samfunn og frivillighet

Gunnar Breivik

            Idrettens utvikling og historie:

            Speilbilde eller motkultur?

Håkon Lorentzen

            Idrett som integrasjonsarena:

            Fellesskap eller selvrealisering?

Kari Fasting

            Idrett og kjønn:

            Krever likeverd ulik behandling?

Jan Ove Tangen

            Idrettsanlegg og idrettsdeltakelse:

            For de fleste – eller for noen få?

Bernard Enjolras

            Idrettens næringsmessige betydning:

            Både frivillighet og kommersialisme?

Per Mangset

            Idrettspolitiske aktører og spenninger:

            Er den norske modellen truet?

Prosjekter

Programstyret

Forfatterne

Andre bøker om Forskning